I over 70 år selde Gunnar Pedersen A/S (1915-86) broderimønster gjennom butikkar og vekeblad som Allers, Norsk Ukeblad og KK. Firmaet vart ein viktig aktør på den norske marknaden når det gjaldt sal av mønster, garn og broderiutstyr, og fekk etter kvart eit omfattande kundenettverk utanlands.
Varemerka Design Gunnar P, Laila og St. Georg har sett preg på norsk broderi og -handarbeidshistorie, men bedrifta er kan hende aller mest kjend for dei mange klostersaum-mønstera den lanserte på 1970-talet.
Norsk Trikotasjemuseum har overtatt bedriftsarkivet, mønster og broderi etter bedrifta. På denne sida vil vi presentere ei bedriftshistorie som rommar både handarbeid, sal og masseproduksjon, og sjå på ulike sider ved broderiet som handarbeid.
Advertisements


Det er veldig kjekt å sjå at de har fått til så mykje kring broderisamlinga til Gunnar Pedersen på nett. Godt jobba og det er svært interessant å lesa og studera materialet som er lagt ut.