Damer og danning

Broderiet si sentrale rolle i forminga av jenter til kvinner, har truleg døydd ut med min generasjon. Men i fleire hundre år høyrde brodering til dei «nettheder» ei dana kvinne burde meistra. Å kjenna broderiet si historie er såleis å kjenna kvinner si historie.                             Jorunn Veiteberg [1]

Det er vanskeleg å diskutere broderi utan å nemne kjønn, opplæring og danning. Opp gjennom åra har det stort sett har vore jenter og unge kvinner som skulle opplærast i tekstile handverk. No har det kan hende ikkje alltid vore slik. Rozsika Parker argumenterar i klassikaren The Subversive Stitch: Embroidery and the Making of the Feminine (1984) for at broderi har blitt brukt til å konstruere femininitet, til å danne unge kvinner i eit feminint, underkuande ideal, knytt til heimen, det vakre og dermed «kvinnelege». Ho viser mellom anna til at verkstadbroderia vart utførte av både nonner og munkar, fram til handverkarane i stadig større grad organiserte seg i profesjonaliserte laug på 1500-talet. Her vart nålauget trongare for å bli teken opp som lærling, samtidig som amatørbroderi som syssel blant høgareståande kvinner ekspanderte voldsomt. Hos henne vert broderi eit symbol på den ideologien som avgrensa kvinners mogelegheiter og forankra dei til heimen, og dette synet påverkar sterkt korleis broderi vert brukt  i ulike kunst- og handverkspraksisar i dag.[2]

"In Love" by Marcus Stone ([1]) [Public domain], via Wikimedia Commons
Marcus Stone, "In Love" (1888). Bøygd hovud, konsentrert og i essens "feminin": Rozsika Parker brukar biletet som døme på broderiets rolle i konstruksjonen av feminitet. (Via Wikimedia Commons).

Danning, disiplin og dekorasjon

Handarbeidsopplæringa for kvinner starta i dei øvre samfunnslaga og vart etter kvart institusjonalisert gjennom private og offentlege skular. I Noreg kom desse til utover 1800-talet. Jorunn Veiteberg viser til korleis «fruentimmerarbeid» vart synonymt med handarbeid i 1700- og 1800-talets Noreg, og korleis det i overklassen vart dyrka som ein sømeleg fritidsaktivitet, aller helst skilt frå inntektsgivande arbeid. Ho samanfattar broderiets funksjon i denne samanhengen i tre karakteristiske D’ar:

Lett formaning frå Design Gunnar P. (Norsk Trikotasjemuseum: G02556)

Danning: Gjennom arbeidet med fargar og mønster kunne kvinner utvikla estetisk sans og foredla smaken sin.
Disiplin: 1800-talets pedagogiske litteratur framheva at handarbeid kunne læra jenter å konsentrera seg.
Dekorasjon: Kvinner si hovudoppgåva ved sidan av å vera mor og ektefelle, var å skapa ein hyggeleg og vakker heim.[3]

Teikneopplæring for jenter vart også tilpassa synet på handarbeid som ein feminin syssel. Jenter skulle først og fremst lære å teikne det dei trong for å kopiere og utvikle eigne broderimønster. Med andre ord høyrde det til innarbeidinga av viktige «fruentimmer-ferdigheter» å lære å teikne blomar, vinrankar, border og andre passande drakt- og dekorasjonsmotiv.[4]

Navnedukar

Praksisen med å brodere navnedukar, har blitt mykje omtala i tekstar om broderi i seinare år, og vert lett teken som nok eit døme på rigid opplæring i ei pertentleg handverksform. Rett nok, mange av desse arbeida inneheldt broderte bibelvers og formanande visdomsord som passar som hand i hanske med ei slik tolking: «Gud lad mig i din Kunskab fremmes, At det jeg lærer ikke glemmes», eller  «Dear mother I am young and cannot show, such work as I unto your goodness owe. Be pleased to smile on this my small endeavour, I’ll strive to learn and be obedient ever».[5] 

Mange har likevel peika på den store variasjonen innan desse tøystykka, som gjerne var fylte til randa med border, bokstavar og tal, symbol og små figurative motiv, ofte i tillegg til skaparens namn og årstal. The Victoria and Albert Museum i London har ei imponerande samling som viser breidda i den såkalla sampler-tradisjonen, og mange av desse er òg tilgjengelege på nett, presentert i utfyllande kontekst. Museet skisserer ei utvikling frå lange prøvelappar som demonstrerer ulike teknikkar i rader eller spreidd utover tøystykket, og framstår som eit rom for læring, utprøving og øving. På 1800-talet ser produksjonen av navnedukar, spesielt i skulesamanheng, ut til å i stadig større grad ha blitt standardisert. På dette tidspunktet hadde produktet blitt eit mål i seg sjølv, og dette vert reflektert både i mindre stingvariasjon og i sjølve forma på arbeidet. Lappane var ikkje lengre personlege referansebibliotek som kunne rullast saman, men vart nærare kvadratiske i forma, og difor meir eigna til å vise fram på linje med andre typar bilete.

Namneduk frå Historisk Samling v/ Avdeling for estetiske fag, Høgskolen i Oslo.
Namneduk frå utstillinga «Fragmenter fra den Kvinnelige Industriskolen», HiO 2010. Foto: Erik Stewart, via Flickr.

Ikkje berre nusseleg

Men er dette den einaste historia desse arbeida fortel? Kari-Anne Pedersen viser til namnedukane sine oppbyggelege sitat og funksjon som huskelappar for stingtypar, bokstavar og lappemetodar, men understrekar at broderi ikkje berre var nusseleg og oppbyggeleg før i tida heller. Det har òg fungert som eit medium til å uttrykkje personlege erfaringar, svartsyn og politisk protest. Ho nemner mellom anna Mätta Charlotta Fock sitt «Klagoskrift i korsstygn» (1805), som vart brodert under hennar opphold på Jönköpings bastil, der ho sat tiltala for å ha forgifta mannen og to av borna. Fock sin «Klagoskrift» minnar mest om ei brodert dagbok eller brev der ho freistar fri seg frå tiltalen, og er fylt til randa med sirlege bokstavar brodert på samanlappa linbitar. Pedersen viser òg til kunstnar Elna Arbos «opposisjonelle broderi»  frå 1940, der ein innimellom blå kroner kan lese følgjande tekst i blå korssting:

Gud signe vor konge god/ giv ham i faren mod/ giv ham din fred/ giv du ham vise raad/ styrk ham i al hans daad/ styrt svig og ondskab kaad/ i støvet ned. H7 1940[6]

Sjølv broderihistoria  i stor grad fortel om nåla som eit verktøy for å konstruere kvinnar innan den dominante makt- og samfunnsdiskursen, har det òg vore eit verktøy for kvinner sjølv å uttrykkje seg og utfalde seg, og eit rom for å konstruere alternative diskursar.[7] Det har vore del av ein konstruksjon av femininitet, men òg ei kjelde til venskap og sosialt liv – gjennom mellom anna handarbeidsklubbar – og protest og aktivisme. Forholdet mellom kvinner og broderi er komplekst på ulike måtar. Maureen Daly Goggin påpeikar også dette, då ho skriv at:

needlework has been both a domestic and domesticating labor, both a tool of oppression and an instrument of liberation, both a professional endeavor and a leisure pastime, both an avenue for crossing classs boundaries and a barrier confirming class status. It has been constructed and pursued as a religious duty and a secular pleasure, as a prison sentence and an escape, as an innocuous pastime and a powerful political weapon. Depending on a woman’s station, needlework was either a necessity to live or a luxury reserved only for those who could afford the leisure time. Reviled and celebrated, it has nevertheless been a significant cultural practice of meaning-making. [8]

Den langvarige koblinga mellom kvinner og handarbeid, og då kanskje spesielt broderi, sit hardt i, og dreg med seg ei lang historie som involverer både ideologi og maktkamp, men òg kreativitet og handarbeidsglede. Sjølv om ein frå ettertidas ståstad tek utgangspunkt i dei ferdige produkta, og lett kan analysere desse i lys av historie, kjønn og didaktikk, må ein heller ikkje oversjå gleda og meininga i sjølve handarbeidsprosessen, og gleda i denne, som ofte kan vere like viktig som det ferdige produktet.

Skulen i nyare tid

Mot likestilling?: Utsnitt frå Broderi-Posten, Gunnar Pedersen A/S' kundeavis, 1970.

I masteroppgåva si frå Høgskolen i Telemark (2010), undersøker Kristin Roalkvam Oftedal ulike sider ved broderi som uttrykk – mellom anna korleis det har blitt brukt i skuleverket. Går ein gjennom læreplanane frå seint 1930-tal til i dag, ser ein òg endringar i fokuset og statusen til handverket. Normalplanen frå 1939 (N39) viser til ei liste over stingtypar som jenter skulle arbeide med, og viser til progresjon i sting- og materialbruk frå år til år. Elevane skulle kunne «utføre enkel norsk prydsøm og ha øving i å sette sammen farger». I Forsøksplanen frå 1960 (F60) kom det først inn at også gutar skulle ha tekstilundervisning, men det var ulike krav til jenter og gutar. Forsøksplanen hadde framleis spesifikke stinglister for dei ulike klassetrinna, men la ikkje berre vekt på søm på nyttetekstilar, men òg eit kreativt element gjennom fritt broderi, eller å «tegne med tråd».[9]

Frå og med Mønsterplanen frå 1974 (M74) skulle også gutar ha tekstilundervisning, men det var ulike krav til gutar og jenter. Her var dei spesifikke stingtypane fjerna, og ein la vekt på eleven sin fantasi og læraren som tilretteleggjar for kreativitet. Ein skulle eksperimentere ved å bruke uvante sting, uvante materiale (knappar, perler, metallbitar, uvante stoff), eller ved å bruke kjende sting på nye måtar, mellom anna i fritt broderi. Det verka viktig å distansere seg frå synet på broderi som noko stramt og regelbunde.

Vintermotiv «Freestyle», 1980-talet (NT01920).
Vintermotiv «Freestyle», 1980-talet (NT01920).

På 80- og 90-talet (M87 og L97) vart fokuset flytta til designaspektet ved handverk generelt – elevane skulle «lære å dekorere bruksting sjølv ved å stilisere og arbeide med organiske og geometriske former» og bli kjend med kulturarva vår. Broderi vart nemnt eksplisitt i barneskulen, gjerne i samband med fritt broderi. I Kunnskapsløftet frå 2006, er det første gongen broderi ikkje er nemnt i det heile teke, det kan tolkast inn i ein del punkt.[10] Ein har flytta seg frå konkrete oppgåver og stingtypar, til romslege målsetjingar der val av teknikk og materiale er fritt. Frå å lære seg estetisk sans og flid, til å lære dekorprinsipp og særtrekk ved særskilte kunstnarar og kulturars formuttrykk. Oftedal konkluderer med at sjølv om dei seinare læreplanane, i sine vide formuleringar kan tolkast i retning broderi, er dette mykje opp til den enkelte læraren.


___________________________________________
1.Parker, Rozsika. The Subversive Stitch – Embroidery and the Making of the Feminine. London: The Women’s Press, 1984.
2. Veiteberg, Jorunn. «Kunst med sting”, Kunsthåndverk 03 (1999).
3. Loraas, Astrid og Mona Pedersen (red.). ”Broderi og kjønn”. Geriljabroderi, 77. Oslo: Magikon, 2010.
4. Sjøvold, Aase Bay. Broderikunst og Prydsøm – en liten historisk oversikt, 31-32. Oslo: Kunstindustrimuseet i Oslo, 1976.
5. Håberg, Kirsten Røvig. Den myke historien: Om tekstiler, klær og moter, 178. Vollen: Tell Forlag, 2002, og Mary Ann Body, 1789: The Victoria & Albert Museum
6. Pedersen, Kari-Anne og Elna Arbo. «Ikke bare en rød tråd». Geriljabroderi, 133.
7. Women and the Material Culture of Needlework and Textiles 1750-1950, 13. Surrey: Ashgate, 2009.
8. Dale Goggin, Maureen. Women and the Material Culture of Needlework and Textiles 1750-1950, 3. 9. Oftedal, Kristin Roalkvam. Håndbroderi som håndverk og uttrykksmiddel, 67. Notodden: Høgskolen i Telemark 2010.
10. Oftedal, 68.

2 thoughts on “Damer og danning

    1. Hei Anne Marie,
      Det finst nok ein del om broderi på Østlandet, denne bedrifta heldt jo også til i Oslo. Kjenner mellom anna til at det er publisert ein del om broderi som handarbeid i t.d. Hedmark, men broderi er vel så ofte omtalt i oversiktsverk og bøker ut frå kva slags teknikk eller produkt det er snakk om, enn ut frå geografi. Eg sender deg ein mail med litt meir utfyllande informasjon.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s