Kvifor brodere?

NKS Prydsaum-kurs 1963, med Gunnar Pedersen A/S som vareleverandør
NKS Prydsaum-kurs 1963, med Gunnar Pedersen A/S som vareleverandør

Gunnar Pedersen A/S begynte å merke broderiets dalande popularitet på 1980-talet, noko Pedersen sjølv set i samanheng med  kvinnefrigjeringa tiåret før, og det at TV’en hadde blitt allemannseige. For mange arbeidande kvinner vart broderi kan hende sett på som noko gammalmodig og unyttig, noko eldre kvinner fordreiv tida med, meiner han. Framleis heftar ein del av dette ved handarbeidet, i større grad enn ved strikking eller hekling. Broderiet klarer ikkje heilt fri seg frå ryktet som ei pertentleg tidtrøyte – sjølv om nyare handarbeids-aksjonistar og -produsentar gjer sitt beste for å gjere opprør mot forma (sjå m.a. norske Geriljabroderi, Julie Jacksons Subversive Cross Stitch og Jenny Harts Sublime Stitching). Unge broderande i dag verkar å ha mykje å røske opp i når det gjeld røtene til dette handarbeidet.

Kvinnehistorikar Louise Waldén skildrar tre generasjonar kvinners forhold til broderiet, gjennom deira forhold til eit brodert teppe frå bestemor hennar: «Etter kulturbærarane som beherskar kunnskapen (farmor), kjem dei som må ta avstand frå arva for å ikkje undertrykkjast under den (mamma). Etter det følgjer ein generasjon (eg) som igjen vil knyte band til arva, men der kunnskapen om den har gått tapt.»[1] Ho ser handarbeidet som eit felt som speglar store diskusjonar: om spenningane mellom tradisjon og fornying, kulturarv og eksperimentering, og ikkje minst om påverknaden den teknologiske utviklinga hatt på arbeid og samfunnet.

Gunnar Chr. Pedersen til Nationen 1970 (utsnitt).

Gitt den forholdsvis lange historia til maskinproduksjon av tekstilar, er det nesten like interessant å spørje seg kvifor handarbeidet har overlevd, som å sørgje over at det forringast Handarbeidet er ikkje lenger verken «nødvendig», økonomisk lønsamt eller ein del av ei påboden kvinnerolle. Men kvinner fortset likevel å brodere, sy, strikke og hekle. Årsaka til dette ligg kanskje like mykje i prosessen som i produktet [1].

Meditativ mentalhygiene?

Putemønster til Norsk Dameblad. Gunnar Pedersen A/S, 1950-talet.
Putemønster til Norsk Dameblad. Gunnar Pedersen A/S, 1950-talet.

Det tek tid å brodere. «Sjølv om nåla er like fleksibel som ein blyant, er handlinga langsam. Mykje arbeid og liten nytteverdi, gir det meining i vår tid å gje seg i kast med slike disiplinerande og repeterande arbeidsprosessar?», spør Jorunn Veiteberg i teksten Kunst med Sting[2]. Ho viser til korleis fleire kunstnarar framhevar nettopp den lange arbeidsprosessen som noko vesentleg ved det å brodere, ein prosess som nesten verkar ha noko meditativt ved seg. Åse Ljones framhevar at broderiprosessen gjev rom for stillheit, der ho kan ta fram att minne, og kome fram til nye idear i arbeidet medan tankane sviv.[3] Det verkar kunne vere rom for ein djupare kreativ konsentrasjon i denne typen arbeid.

Julie Jackson, på si side, hevdar at ho begynte å brodere korssting som ein slags sinneterapi i møte med ein umogeleg sjef, og fleire norske geriljabroderistar har òg fremja liknande tankar. Trond Ketil Geving skriv mellom anna at «de gjentagende bevegelsene får tankene på gli samtidig som man skaper noe unikt. Det er jo forarbeidet som krever tankevirksomhet, selve broderingen er balsam for sjelen.»[4] Broderi og anna handarbeid har òg vorte brukt i psykiatrien, og Gunnar Christian Pedersen fortel at firmaet deira hadde fleire psykiatriske institustjonar som kundar. Sjølv har han gjentekne gongar framheva verdien av handarbeid som avkopling.

Mange motivasjonar

Folk har mange ulike årsaker til deira nålebaserte hobbyar. Vi kan nok slå fast at det økonomiske motivet ikkje er like aktuelt i dag som for ein del tiår tilbake, og nettopp broderi har vel aldri vore særleg økonomisk. Men gleda over å lage noko vellukka for hand, å lage noko unikt til heimen eller gje vekk heimelaga presangar, er like aktuelle motivasjonar i dag som for nokre tiår tilbake. Kanskje nettopp fordi ferdiglaga tekstilar er både billigare og vanlegare å kjøpe i desse dagar, vert handlaga produkt desto meir spesielle. For andre handarbeidsutøvarar er det sosiale viktig: å møte andre med same interesser, å arbeide saman, kanskje fordi ein ynskjer å vidareføre tradisjonar eller rett og slett vil fylle fritida.[5]

Illustrasjon til NKS kurs i prydsaum 1963, red. Helen Engelstad. Illustratør ikkje namngitt.

Louise Waldén deler dei mentale sidene ved handarbeidsprosessen i fire delar: det tekniske (å lære teknikkar, kjensla av utvikling i å lære seg å beherske noko), det skapande (behovet for å uttrykkje seg) , det estetiske og det meditative (behovet for å komme til ro i eigen kropp og med eigne tankar og kjensler) [1]. Handarbeid kan vere eit middel til å bruke og vise fram eigne evner,  som gjev ein mogelegheit til å endre på heim, interiør og klede i tråd med motestrømningar eller eigen smak. Det kan sjåast på som eit prov på lærdom, og på tida ein har lagt ned i arbeidet. Det kan knytast opp mot tradisjonelle idear om kjønn, heim og familie, men det er viktig å understreke at det òg bør kunne lausrivast frå desse. Der det før var snakk om å utnytte eller fordrive overflødig tid, kan ein no snakke om å verne om eit frirom fylt med eit arbeid som skil seg frå dei fleste daglege gjeremål ved nettopp å vere langsam og avslappande for utøvaren [1].

Broderer du?

_________________________________________________________________________________
1 «Handarbetet – hatat och hyllat». 1999. Den vackra nyttan – Om hemslöjd i Sverige (red. Gunilla Lundahl). Möklinta: Gidlunds Förlag. 72, 83, 84, 86.
2. Veiteberg, Jorunn. ”Kunst med sting”, Kunsthåndverk 03 (1999), 13, 14.
3. Veiteberg, Kunsthåndverk 03 (1999), 14.  og http://browngrotta.com/pages/ljones.php


4. Geving, Trond Ketil. Loraas, Astrid og Mona Pedersen (red.). Geriljabroderi, 35.
5.Mason, Rachel. “The Meaning and Value of Home-Based Craft”. 2005. Journal Compilation,NSEAD/Blackwell Publishing, 263. Intervju med Gunnar Pedersen, NTM 2008.
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s