Litt broderihistorie

Broderi har ofte vært et overskuddsfenomen for å berike og forskjønne omgivelsene, men også for å demonstrere velstand og rikdom.
                                                     – Edith Skjeggestad [2]

Foto: Tommaso Garzoni (Deutsche Fotothek)
Foto: Tommaso Garzoni (Deutsche Fotothek)

Broderiet som uttrykksform har feste langt tilbake i historia, og kan knytast til mange ulike felt i dagens samfunn: folkekunst, kunst-handverk, kunst, hobby og til skuleverket. Broderi vert gjerne omtala som nyttesaumens mot-stykke, prydsaum: som har som hovudfunksjon å forskjønne tekstilen den er festa på. Men broderi har også potensiale som biletskapande uttrykksform, og har blitt brukt på denne måten opp gjennom historia.

Sidan broderi vert utført på forgjengelege tekstile materiale, er det vanskeleg å tidfeste når teknikken først vart teken i bruk. Arkeologar har funne dekorativ saum på ei dansk kvinnetrøye frå eldre bronsealder, 1500-1000 f.Kr, og det vart funne restar etter broderte tekstilar saman med Osebergskipet (ca 850 e.Kr).[1] Særprega broderitradisjonar utvikla seg tidleg i mellom anna Kina, Sibir og Egypt, og bysantinsk broderi vart viktig for utviklinga av handverket i Europa, då det kom i stand omfattande handel med silkebroderte tekstilar rundt år 500 e. Kr.[2]. I mellomalderen utvikla spesielt Italia, Frankrike, Tyskland og England særprega broderistilar.

Profesjonelle verkstader

Broderte tekstilar hadde høg status, og for 500 år sidan vart dei oftast produsert i verkstadar knytt til hoff eller kloster, der det lenge arbeidde både kvinner og menn.[5] På 1600-talet vart det skipa laug for dei fleste typar handverk, inkludert broderi. Her måtte ein gå i lære i fleire år, og det var då hovudsakleg menn som vart tekne i lære.[4] Samtidig vart det stadig meir vanleg for høgareståande kvinner å brodere motiv på klede og andre huslege tekstilar.[5] I første halvdel av 1500-talet kom trykte mønsterbøker eigentleg meint for handverkarar, også til å fungere som oppslagsverk for kvinner i dei øvre samfunnslaga, og broderi vart sett på som ein respektabel syssel for desse.[6]

Plakat til utstillinga "De Vrouw" (Kvinna), Amsterdam 1913. Foto: Nationaal Archief, Nederland, via Flickr.
Plakat til utstillinga «De Vrouw» (Kvinna), Amsterdam 1913. Foto: Nationaal Archief, Nederland, via Flickr.

«Fruentimmerferdigheter»

Inspirert av importerte silkebroderi frå India og Kina, vart det ei oppblomstring i kulørt broderi i den norske bygdekunsten på seint 1700-talet og inn i det neste hundreåret. Blomstermotiv og rankar sydde i ull på folkedrakter og andre klede, gjekk under namnet rosesaum.[7] Samtidig hadde broderiet blitt ein viktig del av (ut)danninga til unge sosietetspiker, der fokuset låg på opplæring i «fruentimmerferdigheter» som å teikne og kopiere mønster, og å mestre ulike stingtypar.[8]

Utover 1800-talet blei prydsaum-opplæringa institusjonalisert i det norske skuleverket, først gjennom skular i dei største byane. I 1875 blei Den Kvinnelige Industriskole oppretta. Mange av elevane her var døtre av embetsmenn og handverkarar, i tillegg til friplassar som «(…) bleve besatte med Elever af almueklassen, dels fra landet og dels fra Byen».[9] Seinare vart handarbeid eit obligatorisk fag i grunnskulen – på byskular i 1889, og på landsbasis i 1936.[10]

Berlin woolwork

Tidlegare hadde broderi ofte blitt laga etter nøyaktige teikningar, men det var først i 1804 at den tyske broderiforhandlaren Hertz & Wegener lanserte masseproduserte korsstingsmønster på rutepapir. Mønstera blei ein stor suksess, vart eksportert til England og USA, og ikkje lenge etter vart dei selde i ferdige broderipakkar med kanvas og garn inkludert.[11] Motiva blei sydde i merinoull, og broderia gjekk difor under namnet «Berlin woolwork».

Ved hjelp av trykkekunsten kunne mønstera spreiast til mange: sjølv om popularisering, forenkling og marknadstilpassing fall ikkje i like god jord hos alle. Korsstingsbroderi vart umåteleg populære etter dette, og slik vart grunnsteinen lagt for den industrien Gunnar Pedersen A/S representerer: det kommersielle broderiet, distribuert via forhandlarar åleine eller i mønsterpakkar med garn.

Oppvurdere handverket

Detalj frå "Artichoke", William Morris 1877. Via Wikimedia Commons.
Art Needlework: «Artichoke» (utsnitt), William Morris 1877. Via Wikimedia Commons.

William Morris og den britiske Arts and Crafts-rørsla i 1880-åra tok broderiet i ei heilt anna retning. Designrørsla let seg inspirere av sein middelalder og tidleg renessanse, og vektla estetisk oppdraging framfor moderne masseproduksjon.  Herifrå kom begrepet Art Needlework, og frå dette utgangspunktet vaks stilretninga Art Nouveau, som med si slyngande linjeføring og stiliserte organiske former heilt klårt var eigna for brodering[14]. Etter Art & Crafts-rørsla sin modell, vart det tidleg på 1900-talet etablert liknande foreninger i andre europeiske land, starta for å fremje (kunst)handverk og betre kvaliteten på industridesign – som Deutscher Werkbund, svenske Föreningen Handarbetets Vänner, og norske Foreningen Brukskunst.[15] Parallelt med utviklinga til desse kunsthandverksrørslene, vart masseproduserte handarbeidsmønster og -pakkar svært populære.

Folkeleg oppblomstring

Fred og pryd i heimen: åkle frå Gunnar P Design, ca.975. (Norsk Trikotasjemuseum, G01959)
Fred og pryd i heimen: åkleinspirert broderi frå Design Gunnar P  ca. 1975. (Norsk Trikotasjemuseum, NTMT.01959)

Broderi i mangfoldige former og uttrykk vart omfattande brukt og var svært populært rundt år 1900. [14] Det folkelege broderiet[16], oftast til bruk i heimen, var svært populært i første halvdelen av 1900-talet, gjerne i form av pyntehandkle, åkle, veggbilete, dukar og klokkestrengar. Mønstera vart spreidde gjennom vekeblad og gjennom mønsterpakkar på postordre, og på dette området vart Gunnar Pedersen ein viktig aktør i Noreg. Broderi var ikkje lenger ein overklassesyssel, men skulle no kunne utførast av folk flest på lik linje med nyttesaum.

Folkeleg handarbeid, og spesielt av den typen som følgjer ferdiglaga mønster, har sjeldnare blitt omtala i forsking rundt handverk og handarbeid. Det finst rett nok unntak, men generelt kan ei forståing av estetikken innan denne typen handarbeid som sentimental, overdekorativ og nostalgisk, sjåast på som noko av årsaka til at dette ofte har blitt oversett som forskingsfelt. Sjølv i 2011 er det framleis aktuelt å snakke om reeelle hierarki på dette området, der denne typen handarbeid ofte blir nedvurdert som «handverk» fordi dei manglar eit originalt design som kjem rett frå skaparen.[17]

Britiske forskarar har peika på korleis kommersielt handarbeid og husflid i seinare år har blitt kritisert for å standardisere og til og med undergrave lesaranes kreativitet ved å forsyne dei med ferdige prosjekt og mønsterpakkar. På den andre sida kan ein òg argumentere for at vekeblada har vore med på å demokratisere, heller enn å nedvurdere, handverk og handarbeid.[18] Mønstersidene i vekeblada og broderia som lagast ut frå desse, er ein del av den tekstile kulturarva vår som det er verdt å ta vare på, ikkje berre frå eit estetisk, men også frå eit sosiologisk og kulturhistorisk perspektiv.

__________________________________________________________________
1. Håberg, Kirsten Røvig. Den myke historien – om tekstiler, klær og moter, 172. Vollen: Tell Forlag, 2002.
2. Skjeggestad, Edith. Broderi, 15, 17. Vollen: Tell Forlag, 1996. 3. Sjøvold, Aase Bay. Broderikunst og Prydsøm – en liten historisk oversikt, 45. Oslo: Kunstindustrimuseet i Oslo, 19764. Skjeggestad, 23. 5.Oftedal, Kristin Roalkvam.Håndbroderi som håndverk og uttrykksmiddel, 41, 43. Notodden: Høgskolen i Telemark, 2010. 6. www.snl.no/broderi7. Sjøvold, 34-5 og Øvre, Inger. Tegne med tråd – brodere med barn,12 Oslo: Norges Husflidslag, 2007. 8. Sjøvold, 31. 9. Grunnleggar Just Gude-Smith (1880), referert i artikkel på HiO si nettside. 10. Sjøvold, 37. 11. Håberg, 176. 12.Sjøvold, 38. 13. Sjøvold, 36. 14. Håberg, 179, 181. 15. Sjøvold, 39. 17.Turney, Jo. “Here’s One I Made Earlier – making and living with home craft in contemporary Britain”. Journal of Design History 17, 3: 269-70. 18. Hackney, Fiona. “’Use Your Hands for Happiness’: Home craft and make-do-and-mend in British Women’s Magazines in the 1920s and 1930s”, 31. Journal of Design History, 19:1.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s