Design Gunnar P

Gunnar Pedersen A/S har sett sitt preg på mang ein norsk heim, hytte,  stove og sofakrok, sjølv om mange kan hende ikkje er klar over opphavet til broderimønstera. Kanskje har du sjølv ei av deira folkekunst-inspirerte puter, åkle eller klokkestrengar i klostersaum og ullgarn?

Påteikningsmotiv til brikke, frå bedriftas tidlege dagar.
Påteikningsmotiv til brikke (nr. 5544), frå bedriftas tidlege dagar.

Gunnar Pedersen Sr. selde broderi under ulike varemerke, men var i dei første tiåra mest kjend for varemerka Laila og St. Georg. Ein del av den tidlege mønsterproduksjonen har vi bevart på Norsk Trikotasjemuseum gjennom ei stor mengd påteikningsmønster til kjøkkensett av pyntehandkle, løparar, dukar, benkedukar og brikker. Då sonen Gunnar Christian tok over bedrifta tidleg på 1960-talet, vart han mest kjend for varemerket Design Gunnar P. Men lat oss aller først gå attende til då faren styrte bedrifta, nærare bestemt til 1930-talet.

Brukskunst vs. kommersielt handarbeid

På denne tida hadde funksjonalismen nådd Noreg. I mellomkrigstida framstod spesielt Jakob Tostrup Prytz (1886-1962, gullsmed og seinare direktør for Statens Håndverks- og Kunstskole)  og Thor Bendz Kielland (kunsthistorikar og på den tida direktør ved Kunst-industrimuseet i Oslo) fram som dei fremste forkjemparane for den såkalla «nye stil»(26). [1] Dei to var samtidig leiande medlemmer i Foreningen Brukskunst (1918), som skulle arbeide for utviklinga av ei meir medviten haldning til norsk form- og fargekultur, og å skape ein norsk dekorativ stil som foreinte gammal folkeleg tradisjon med praktisk brukbarheit og modernitet (13).

Gunnar Pedersen sr. sine varemerke: Laila og St. Georg.
Gunnar Pedersen Sr. sine varemerke på 1930-talet: Laila og St. Georg.

I masteroppgåva si om foreininga, skildrar Marianne Hylbak ofte taktikkane til Prytz og Kielland med ord som «misjonsvirksomhet» og «propaganda».[1] For å nå ut til folket, retta dei ofte skytset mot masseproduksjon og industrien, og søkte å heve det norske folkets smakssans gjennom intensiv pressedekning og dei sentrale stillingane dei hadde i norsk kulturliv. I 1932 gjekk Kielland direkte ut mot vekeblada, og det er her han kryssar stiar med Gunnar Pedersen, som representant for vekebladas mønsterprodusentar. Kielland meinte vekeblada hadde gode intensjonar, men likevel stadig bidrog til å øydeleggje smaks- og kvalitetsinstinktet til det norske folk gjennom mønster- og hobbysider som han såg som ei «smaksgift som trengte seg inn i hvert tiende hjem».[2]

 Kampen mot dragen

I 1932 arrangerte Kielland, Kunstindustrimuseet i Oslo og Aftenposten utstillinga og kampanjen «Kampen mot dragen» i 1932, som peikte ut gode og dårlege eksempel til publikums opplysing og oppdraging. I kjølvatnet av utstillinga utlyste både Hjemmet og Allers Familie-Journal konkurransar for å få tak i nye mønster, og det samme gjorde Gunnar Pedersen Sr. I 1933 kunne Aftenposten rapportere at «Broderiforretningene i Oslo opplyser at de hos publikum har merket en tydelig ny innstilling, som gir sig utslag på den måten at de nu spør efter andre mønster enn før, nyere og bedre ting. Det mest eklatante bevis for aksjonens virkning på dette område har man imidlertid i den konkurranse som det store engros-firma Gunnar Pedersen nu har utskrevet blant Brukskunstnerlagets tekstilgruppe.»

Stilisert: "Funkis"mønster (nr. 5776) frå Gunnar Pedersen A/S, 1930-talet.

Konkurransen gjekk under namnet «St. Georg», helgenen som oftast vert framstilt i det han drep ein drage. St. Georg og dragemotivet var på denne tida ei av merkevarene Gunnar Pedersen var kjend for. Resultata av konkurransen vart premierte bidrag med gjennomgåande moderne, enkle flater, stiliserte figurar og geometriske former. Desse vart lagt ut for sal, men i følgje sonen, Gunnar Christian, selde dei dårleg. Han poengterer at faren heilt klårt lyste ut konkurransen for å imøtegå kritikken frå Foreningen Brukskunst.

       – «Kampen mot dragen» var kampen mot Gunnar Pedersen, det var den utdanna klassen, brukskunstnarane, mot marknadskreftene, mot vanlege folks smak. Utover 1930-talet kunne ein også finne enklare, meir stiliserte mønster i kommersielle broderi (sjå biletet over), men brukskunstnarane sine design gjekk for langt, meiner Pedersen sjølv. Dei ikkje passa inn i «de tusen hjem». Han påpeikar likevel at smaksdommane Foreningen Brukskunst gav uttrykk for på 1930-talet, også er haldningar han sjølv ofte møtte seinare i arbeidet med kommersielt broderi.

This slideshow requires JavaScript.

Då Pedersen hospiterte ved Statens Lærerskole i Forming i 1955, var dette òg involvert i ein diskusjon om smak, stil og sal. Sjølv påpeikar han at han vart oppfordra til å stille på skulen etter å ha ytra seg negativt om den kommersielle verdien av arbeida på avgangsutstillinga ved skulen same året. Oppfordringa kom frå kunsthistorikar og dåverande rektor ved skulen, Helen Engelstad. Her fekk han opplæring i teikning, brodering, kunst- og kulturhistorie, og besøkte samlingane ved Kunstindustrimuseet i Oslo og Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Pedersen meiner han her fekk ei verdifull ballast for vidare arbeid med broderi, sjølv om denne kanskje ikkje kunne brukast direkte i forretningssamanheng. Etter endt opphald hadde nok likevel han og Engelstad ulike syn på estetikk og forretning på broderifeltet.

 «Det norske hjems særpreg»

Foreningen Brukskunst og Gunnar Pedersen A/S representerer to ulike bransjar med kvar sin innfallsvinkel til broderidesign. Førstnemnte frå ei kunst- og designfagleg vinkling der oppdragarperspektivet stod sterkt, medan Gunnar Pedersen A/S produserte mønster for sal, som skulle appellere til vanlege kvinner, til den vanlege norske heimen.

Pute frå mønsterbok Design Gunnar P, ca. 1970.
Pute frå mønsterbok Design Gunnar P, ca. 1970.

Då Gunnar Christian tok over drifta etter faren på 1960-talet, var det fleire som meinte han burde følgje i fotspora til danske Clara Wæver/Eva Rosenstand, som hadde suksess med detaljerte, fine korsttingsbroderi sydd med moulinégarn. Pedersen derimot, ville halde på det firmaet var sterke på, og til dei største mønstersuksessane deira let dei blant anna seg inspirere av norsk åklevev. Produkta skulle også kunne vere moderne, men ikkje så moderne at publikum ikkje godtok dei. «Konklusjonen må bli at det vi produserer følger norske hjems særpreg», sa han til Nationen i 1971.[4]

 «Og så syr vi åkle igjen»

I ettertid er nok dei utallige mønstera til åkle, puter og klokkestrengar i ullgarn og klostersaum, del av den mest markante arva etter Design Gunnar P. Pedersen refererer sjølv til panelkledde veggar og Krogenæsmøblar i norske heimar som ei naturleg referanseramme til desse mønstera som hentar inspirasjon frå rosemåling og tradisjonell norsk åklevev, og overfører det til broderi.

«Skjåk»ein publikumssuksess frå midten av 1960-talet.
«Skjåk»ein publikumssuksess frå midten av 1960-talet.

Ei rekkje mønster med namn etter norske stadar, som «Skjåk» (t.v.), «Glittertind» og «Gudvangen» skulle vise seg å bli firmaets største publikumssuksessar. Då «Gudvangen» vart seld gjennom Norsk Ukeblad, vart det levert heile 18 000 pakkar av dette mønsteret åleine. Av «Skjåk» vart det solgt opp mot 100 000 pakkar, og mønsteret slo også an i utlandet. Pedersen Jr. fortel at firmaet på det meste omsette 800 000 esker ullbrodergarn årleg, og mange forhandlarar kjøpte i store kvantum.

Klostersaum

Klostersaum syast med rette gobelinsting, det vil seie med rader av like lange loddrette sting som repeterast over eit visst antal trådar, slik at dei dannar rektangulære, stjerneforma og trappeforma mønster.[5] Dei karakteristiske stinga er enkle å sy, og vart mykje brukte i firmaets produksjon av mønster til åkle, klokkestrengar og puter. På 1970-talet tok Pedersens designarar i bruk «billedsøm«, som ein variant av klostersaum der stinga ikkje var like lange, noko som gav større variasjonsmogelegheiter for designarane.

Utsnitt frå promoteringsbilete for broderte smykke, Gunnar P Design, 1970-talet. (Norsk Trikotasjemuseum(G02200-18)
Utsnitt frå promoteringsbilete for broderte smykke, Design Gunnar P, 1970-talet. (Norsk Trikotasjemuseum(G02200-18)

Pedersen Jr. skisserer ei utvikling i kommersielle broderi i Noreg frå påteikna mønster til kjøkkensett, dukar og puter frå starten av 1900-talet fram til ei stund etter andre verdskrig. Desse vart ofte sydd i få nyansar av blått eller i sjattergarn, der ein gjerne broderte berre konturane av mønsteret. Rundt 1960 vart tellearbeid svært populært, sydd på stoff som er kvadratisk vevd, der ein syr over eit visst tal trådar og ser etter mønsteret frå ein plansje. Her vart klostersaumen populær som ein broderitype som var rask å sy – på stramei med dobbelt ullgarn. I denne typen broderi vart Gunnar Pedersen A/S ein av hovudaktørane på den norske marknaden.

 «Surrealistiske» fargar

Men bedrifta produserte langt meir enn åkle og klokkestrengar i klostersaum, og prøvde langt på veg å rette seg etter svingingar i tekstilmoten. I Arbeiderbladet 4. mars 1970, fortel leiar for designavdelinga, Laila Simonsen, om suksessen med dei «surrealistiske» mønstera firmaet lanserte hausten før.


           – Det har skjedd en revolusjonerende endring i publikums holdning til broderidesign de seinere år. (…) Fargesammensetninger som før var tabu er i dag alminnelige, seier ho, og viser til at eit par år tidlegare hadde vore utenkjeleg å komponere mønster utelukkande i blått/grønt eller raudt/oransje. Ho fortel at avdelinga hennar på dette tidspunktet leverte rundt 300 fullt utarbeidde mønstermodellar årleg som salsavdelinga kunne velje mellom. Frå 1970 hadde designarane også fått i stand ein avtale som sikra at designaren sitt namn skulle trykkjast på mønsteret saman med firmanamnet – men rettigheitene til mønstera låg framleis hos firmaet.

 Freestyle

Vintermotiv «Freestyle», 1980-talet (NT01920).
Vintermotiv «Freestyle», 1980-talet (NT 01920).

Eit anna døme på korleis Design Gunnar P prøvde å tilpasse seg skiftande trender, er lanseringa av såkalla Freestyle-broderi på 1980-talet, der ein sydde på flugenetting med ulike typar effektstrikkegarn. Nettingen var tøyeleg, noko som gav mykje større fridom: ein kunne sy med tynn eller tjukk tråd, med «klumpete» effektgarn, på langs eller på tvers. Mønstera kom med ein penn til å teikne over motivet på nettingen, og ein sydde med frie sting inni.

Frå Gunnar Pedersen si side var dette meint som eit medvite brot med det dei tidlegare hadde gjort i broderibransjen, og eitt som skulle appellere til den moderne kvinna. Han påpeikar at broderibransjen var i på veg nedover denne tida; broderi hadde begynt å bli sett på som noko gammalmodig. Tanken var at Freestyle-broderia skulle kunne passe inn i utradisjonelle miljø for broderte artiklar, i heimar som ikkje var «gammalmodige og koselege». Hovudutfordringa vart imidlertid å få kontinuitet i garnleveransane, då effektgarna var svært sesongavhengige, og det stadig kom nye variantar til.

___________________________________________________________________________________

1. UiO 2007, 26.
2. Kielland, Thor 1932: «Kampen mot dragen» i Brukskunst, nr. 4, 3. årg., s. 53.
3. 28.
4. 17.des 1971.
5. Astrup, Edle, m.fl. Sting og søm i gammelt og nytt broderi, 3.utg. 1973. 33, 49.Andre kjelder: Intervju med Gunnar Christian Pedersen (2008, 2011) og materiale frå bedrifta i samlingane til Norsk Trikotasjemuseum.

5 thoughts on “Design Gunnar P

  1. Dette er intressant! Men hvor får man tak i stramei som ikke er påtegnet?
    Ann i Bodø

    1. Gunnar Pedersen A/S er ikkje lenger i drift, og det som er att etter bedrifta tek vi vare på på Norsk Trikotasjemuseum i Salhus, utanfor Bergen. Vi har dessverre ikkje full oversikt over noverande broderiforhandlarar i Nord-Noreg, så det må eg nok overlate til andre å svare på.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s