Eit broderifirma blir til

Oslo, 1915: Gunnar Pedersen (1890-1962) startar sitt eige firma for sal av broderimønster, -garn og -utstyr. Broderisuksessen skal vise seg å oppta størsteparten av han og sonen, Gunnar Christian Pedersen (1930- ), sine yrkesaktive liv.

Gunnar Pedersen sr.

Etter å ha fullført Otto Treiders Handelsskole får Pedersen i 1907 jobb i Nordisk Industri A/S, eit svensk broderiselskap med dotterselskap i Oslo. Her arbeider han i åtte år, før han i 1915 startar for seg sjølv, med ein startkapital på 500 kroner. Han kjøper ein broderiforretning på Gjøvik der han sel garn og broderiutstyr.

Heilt i starten teiknar Pedersen sjølv mønster til påteikna dukar og kjøkkensett på kveldstid. Ein gong i veka reiser han til Oslo for å selje desse til manufakturgrossistar. Dette går godt, og allereie året etter har Pedersen etablert eige firma i Skippergata i hovudstaden, der han sel påteikna broderi direkte til forretningane.

I desse tidlege åra vart broderimønstera ikkje berre selde til spesialbutikkar, men også til landhandlarar og samyrkelag på mindre stadar. Både Gunnar Pedersen sr., og seinare son hans Gunnar Christian, reiste i mange år på kundebesøk rundt om i landet med bil og telt – og dress som arbeidsantrekk. På 1930-talet byrja Pedersen sr. å selje broderimønster til vekepressa, mellom anna til Allers Familie-Journal og Hjemmet.

Harde krigsår

Bedrifta klarar seg gjennom tronge kår både på 1930-talet og under andre verdskrig, og Gunnar Christian, som seinare skulle kome til å ta over bedrifta, hugsar spesielt ein episode rett før krigen braut ut:
            – Jeg kan huske at det i mine foreldres privatbolig på Smestad var stablet kjempemessige baller med lakenlerret, som far hadde fått hjem fra Japan bare få dager før krigsutbruddet. Han var redd for at tyskerne skulle få tak i partiet, derfor gjemte han det hjemme. Så vidt jeg vet ble mesteparten av stoffet gjemt, og i sin tid brukt som forsvinningsdrakter på hjemmefronten.

Under krigen låg broderibransjen brakk, utan import av verken garn eller stoff. Pedersen prøvde seg med sal av ulike tre- og papirartiklar: mellom anna dreidde treglas, papirdukar og papirlaken. Valuta-mangelen etter krigen baud på nye utfordringar, då det tok tid å få til importløyve på garn og stoff. Pedersen prøvde å komme seg over kneika mellom anna ved å drive byttehandlar med norske tekstilfabrikkar.

Norsk Broderiforbund

Då problema såg ut til å vare, tok han initiativ til å stifte Norsk Broderiforbund, som skulle arbeide opp mot Handelsdepartementet for å få starte opp att import av tekstile varer. Etter kvart utvikla forbundet seg til ein bransjeorganisasjon med broderiforhandlarar som medlemer. Her diskuterte ein felles problem, stoff og design, og Pedersen og sonen arbeidde mykje med å utarbeide informasjonsmateriale og kurs til forhandlarane.

Gunnar Pedersen A/S oppretta seinare si eiga kundeavis, Broderi-posten, som formidla bedriftsnyheiter, og informasjon om butikkutstillingar og -interiør, materiale, design og salsteknikkar. Firmaet var også tidleg ute med å bruke EDB og video. I 1969 investerte dei i videokamera, opptaks- og framvisingsutstyr, og brukte også dette til  å lage informasjonsfilmar og kurs til kundane. På denne tida hadde firmaet fem omreisande seljarar i ulike delar av landet. Desse tok med seg ein TV og eit kamera, saman med mønsterkolleksjonen, i bilen. Slik heldt dei videokurs for broderiforhandlarane i butikken eller på eit hotell i nærområdet. I Oslo inviterte seljarane kundane med til «showrommet» i bedriftslokala.

Gunnar Christian Pedersen på “showrommet” i 2.etg av bedriftslokala, ca. 1968.
Gunnar Christian Pedersen på “showrommet” i 2.etg av bedriftslokala, ca. 1968.

Samarbeid med vekepressa

Mot midten av 1950-talet tok bedrifta opp att samarbeidet med vekepressa, denne gongen i større omfang. Bedrifta leverte då mønster til både Norsk Dameblad, Det Nye og Norsk Ukeblad, og seinare kom også Allers og KK til som distribusjonskanalar. Norsk Ukeblad presenterte nye mønster frå Gunnar Pedersen A/S på «Spinnesiden» kvar veke, og firmaet hadde ofte mønster inne på «Mønster og stoff i ett»-sidene i Allers og KK. Dette la eit stort arbeidspress på designavdelinga, men var god reklame når bedrifta seinare skulle selje varene sine til forhandlarane.

Mot slutten av 50-talet begynte bedrifta også å levere utstillingsmodellar til broderiforretningane. Denne produksjonen var arbeidskrevjande, og firmaet knytte då til seg mange ‘brodøser’ rundt i landet som sydde utstillingsmodellar for dei. På det meste hadde selskapet 200-300 «brodøser», og to tilsette som hadde ansvar for modellproduksjonen, og for å oppretthalde kontakt med desse frilansarbeidarane. På 1960-talet vart delar av dette arbeidet flytta utanlands, og firmaet hadde mellom anna ‘brodøser’ på Madeira (1966-72) og Mauritius (1972-87), og seinare kvinner som hekla for firmaet på Manila (frå 1977), og nupereller på Sri Lanka (frå 1980).

This slideshow requires JavaScript.

Generasjonsskifte og eksport

Då Gunnar Pedersen Sr. fekk slag i 1952, vart sonen Gunnar Christian henta heim frå London, der han studerte tekstil ved College of Distributive Trades, for å ta leiinga i firmaet. 22-åringen utdanna seg vidare samtidig som han arbeidde, då faren aldri kom tilbake i full jobb etter sjukdommen. Då han døydde i 1962, tok Gunnar Christian over firmaet. Sekstitalet førte med seg ei større satsing på eksport, og arbeidsmengda vart såpass stor at bedrifta på denne tida hadde behov for å utvide designavdelinga. På 1960- og 70-talet var det mellom seks og sju tilsette som produserte mønsterplansjar på denne avdelinga, under varemerket Design Gunnar P.

Bedriftslokala i Prinsens gate 7 vart då for trange, og design- og plansjeavdelinga vart flytta til toppetasjen i Sjøfartsbygningen i Kongens gate. I 1968 flytta heile bedrifta til Østerdalsgaten 1, der rundt ti småfirma gjekk saman om å kjøpe dei tidlegare lokala til Sætre Kjeksfabrikk. Seinare utvida dei til å disponere om lag 2 000 kvm i desse lokala. På denne tida hadde firmaet på det meste 75 tilsette.

Broderipakkar vert klargjorte hos Gunnar P Design, ca. 1973.
Broderipakkar vert klargjorte hos Design Gunnar P, ca. 1973.

Frå 1962 begynte selskapet å verkeleg satse på eksport – først på den skandinaviske marknaden. Selskapet oppretta kontakt med damebladet Hennes Verden i Danmark, og Allers, Hjemmet og postordrefirmaet Ateljé Margaretha i Sverige. Seinare selde dei også mønster gjennom britiske Woman’s Realm og Woman’s Own, amerikanske Better Homes and Gardens, det franske postordrefirmaet 3 Suisses, og Femmes d’Aujourd’hui i Belgia. Dei arbeidde også hardt for å få produkta sine representert i katalogane til The Needlewoman Shop, som hadde eit stort utsal i Regent Street i London frå 1928-85.

Ålborg, 1971: Salsutstilling i Danmark der Design Gunnar P representerte "norsk almue broderi".
Ålborg, 1971: Salsutstilling i Danmark der Design Gunnar P representerte «norsk almue broderi».

Selskapet hadde mange omreisande seljarar, og nokre av desse starta etter kvart eigne selskap utanlands som vidareformidla design og kunnskap frå Gunnar Pedersen A/S. Slike selskap vart oppretta i København og Herning i Danmark, i Gøteborg i Sverige og i Tyskland. I USA vart selskapet Ports of Scandinavia oppretta, med hovudkvarter i Litchfield, Minnesota – eit stykke frå Minneapolis.

Representantar for bedrifta reiste elles rundt i Statane, spesielt i Midtvesten og på vestkysten, der dei selde mønster til både broderispesialistar og såkalla «Scandinavian Shops». Bedrifta hadde her eit nært og bevisst forhold til norsk-amerikanarar: Pedersen fortel at dei reklamerte mykje gjennom utvandrarforeininga Sons of Norway: gjennom bladet deira, Viking, og ved at bedrifta fekk halde salsutstillingar i lokala til Sons of Norway i Minneapolis. Firmaet heldt også salsutstillingar i Seattle og New York, og hadde sin største amerikanske kunde i Hollywood.

«Hvor bred skal falden være?»

I 1963 tok Pedersen initiativ til å starte eit kurs i prydsaum saman med forlagsdirektør Ernst G. Mortensen og Norsk Korrespondanseskole, i eit forsøk på å auke folks kunnskapar om broderiteknikkar. Kurset vart produsert i seks delar, med Helen Engelstad som redaktør, og Gunnar Pedersen A/S som materialleverandør. Her skulle deltakarane på kurset sende inn prøvelappar på stingtypar og teknikkar i posten til retting, som i andre korrespondansekurs.

Firmaet leverte mønster og materiale til dei fleste typar broderi, i tillegg til hekling, nupereller og kunststrikk. I følgje Pedersen begynte dei for alvor å merke nedgangen då strikkemoten kom på 1980-talet. Bedrifta freista å følgje svingingane i tida ved å både levere strikkemønster og bruke dei nye strikkegarna i nye typar broderi, men til sjuande og sist vart det ikkje lønsamt, delvis grunna raske utskiftingar av garntypar. Det var dårlege tider for broderibransjen.

Leiar for designavdelinga i bedrifta, Laila Simonsen, ca.1970.

Gunnar Christian vart seinare alvorleg sjuk, og firmaet vart til slutt nedlagt i 1986. Men interessa for handarbeid var der framleis, og allereie i 1989 starta han og kona Inge opp ei postordrebedrift i hennar namn. Her fortsette dei å selje mønster gjennom Familien og Hjemmet, og tok mellom anna fram att dei gamle påteikningsmønstera til kjøkkensett, denne gongen med ein nostalgisk vri på salet. Her overtok dei også ein del mønster frå eit tidlegare broderifirma, Azora Gjertsen. Inge og Gunnar heldt på med postordresal heilt fram til 1999, då firmaet vart avvikla etter fleire travle år.

______________________________________________
Kjelder: Intervju med Gunnar Christian Pedersen (2008, 2011), tekst av Ellen Sjursen om Gunnar Pedersen (Sr.) og materiale frå bedrifta i samlingane til Norsk Trikotasjemuseum.
Advertisements

7 thoughts on “Eit broderifirma blir til

  1. Hallo igjen. Det begynner å bli en stund siden sist. Men et spørsmål: Jeg har samlet en hel del broderier, kjøpt på bruktbutikker m.m. som jeg tror stammer fra Gunnar Pedersen A/S. Veggtepper, løpere, puter og klokkestrenger. Kan jeg få lov til å sende deg bilder av arbeidene for å identifisere dem i forhold til designet. Har tenkt å lage en utstilling i september som skal hete «Jeg fant, jeg fant» i Kunstkroken på tyrielden Eidskog folkebibliotek.Litt historikk m.m. Hva gjorde kvinnene på 60 – 70 tallet. Jo, de broderte klokkestrenger puter og veggtepper etter mønster. Bor på grensen til Sverige ved Morokulien hvor dette kan bli en sommerutstilling for alle turistene som ankommer på Morokulien Infosenter, midt på grenselinjen, neste sommer.
    Var på trikotasjemuseet i høst. Alle tiders, flinke folk, spennende historikk og info filmen var alle tiders! Håper på svar fra deg eller dere. Med vennlig hilsen Greta Storm Ofteland. Bildene kommer i løpet av kort tid.

  2. Tror jeg jobbet for denne bedriften fra 1987—1989. Sjefen da het Buøen. Husker ikke fornavnet. Hvordan har det gått siden, er Den nedlagt?
    Margrethe

    1. Hei Margrethe,

      Bedrifta er nok nedlagt og broderi, mønster og arkiv etter den har kome på museum. Vi kjenner ikkje til ein sjef ved namn Buøen i denne bedrifta på ståande fot, men skal sjekke opp i dette. Tusen takk for tilbakemeldinga!

      Mbh,
      Hanne

  3. Hallo!
    Dette var interessant lesing. Veldig bra satt opp!!. Her ligger mye mye historikk knyttet til norske kvinners sysler og interesser før de fleste gikk ut i arbeid. Må ta meg en tur til Norsk Trikotasjemuseum for å se en del av håndarbeidene.
    Med vennlig hilsen
    Greta Storm Ofteland

    1. Hei Greta,
      Slike tilbakemeldingar set vi pris på! Det er sant, det er mykje kvinne- og handarbeidshistorie i dette. Du er hjarteleg velkommen på museet, sjølv om vi foreløpig dessverre ikkje har handarbeida til Gunnar Pedersen A/S utstilt. Vi planlegg ei utstilling på sikt, og akkurat no arbeider vi bl.a. å med digitalisere mønsterarkivet til bedrifta. Du kan også sjå ein del av broderia vi har frå bedrifta på Digitalt Museum her og eit utval av påteikningsmønster på Flickr.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s