Eit broderifirma blir til gammal

Oslo, 1915: Gunnar Pedersen (1890-1962) startar sitt eige firma for sal av broderimønster, garn og anna utstyr. Broderisuksessen skal vise seg å oppta størsteparten av han og sonen, Gunnar Christian Pedersen (1930- ), sine yrkesaktive liv.

Gunnar Pedersen Sr.

Etter å ha fullført Otto Treiders Handelsskole får Pedersen i 1907 jobb i Nordisk Industri A/S, eit svensk broderiselskap med dotterselskap i Oslo. Her arbeider han i åtte år, før han i 1915 startar for seg sjølv. Han kjøper ein broderiforretning på Gjøvik og startar med sal av garn og broderiutstyr. Han begynner sjølv å teikne mønster på kveldstid, og sel desse til broderiforretningar i Oslo. Allereie året etter har Pedersen etablert seg med lokale i Skippergata i hovudstaden, der han mellom anna sel påteikna broderi til både forhandlarar og distributørar.

I desse tidlege åra vart mønstera ikkje berre selde til spesialbutikkar, men òg til landhandlarar og samyrkelag på mindre stadar. Både Gunnar Pedersen, og seinare også son hans, Gunnar Christian, reiste i mange år på kundebesøk rundt om i landet med bil og telt – og dress som arbeidsantrekk. På 1930-talet byrja Pedersen Sr. å selje broderimønster til vekepressa, mellom anna til Allers Familie-Journal og Hjemmet.

Harde krigsår

Bedrifta klarte seg gjennom tronge kår både på 1930-talet og under andre verdskrig, men i valutamangelen etter krigen fekk ein ikkje importløyve for garn og stoff. Pedersen prøvde å komme seg over kneika mellom anna ved å drive byttehandlar med norske tekstilfabrikkar. Då problema såg ut til å vare, tok han initiativ til å stifte Norsk Broderiforbund, som skulle arbeide opp mot Handelsdepartementet for å få starte opp att import av tekstile varer. Etter kvart utvikla forbundet seg til ein type bransjeorganisasjon med hovudsakleg broderiforhandlarar som medlemer. Her diskuterte ein felles problem, stoff og design, og Pedersen og sonen arbeidde mykje med å utarbeide informasjonsmateriale og kurs til forhandlarane. Seinare utvikla dette seg til Broderiposten, ei kundeavis for Gunnar Pedersen A/S som i tillegg til bedriftsnyhende formidla informasjon om emne som salsutstillingar og butikkinnreiing.

Firmaet var òg tidleg ute med bruk av EDB, i tillegg til bruk av video mellom anna til kursverksemd. I 1969 kjøpte dei inn videokamera, og med dette laga dei salskurs som selgarane deira tok med seg rundt til forhandlarane. På denne tida måtte selgarane sjølv ta med seg TV til å vise videoen, og slik heldt dei kurs for broderiforhandlarane anten i sjølve butikken eller på hotell i nærområdet.

Samarbeid med vekepressa

Mot midten av 1950-talet tok bedrifta opp att samarbeidet med vekepressa, denne gongen i større omfang. Gunnar Pedersen leverte då mønster til både Norsk Dameblad, Det Nye og Norsk Ukeblad – sistnemnte presenterte nye GP-mønster på ”Spinnesiden” kvar veke. Dette la eit stort arbeidspress på mønsteravdelinga, men var god reklame når bedrifta seinare skulle selje varene sine til forhandlarane. Seinare kom også Allers og KK til som distribusjonskanalar for mønstera.

Mot slutten av tiåret begynte verksemda òg å levere utstillingsmodellar til broderiforretningane. Denne produksjonen krevde ei utviding av staben, og firmaet tilsette mange ”brodøser” rundt om i landet som laga utstillingsmodellar for dei. På det meste hadde selskapet mellom to og tre hundre kvinner tilknytte firmaet som brodøser, og ein eigen tilsett som tok seg av modellavdelinga og oppretthaldt kontakt med desse frilansarbeidarane. På 1960-talet vart delar av dette arbeidet flytta utanlands, og firmaet hadde mellom anna «brodøser» på Mauritius og Madeira.

Ein ung Gunnar Christian Pedersen på «showrommet» i 2.etg av bedriftslokala, ca. 1968.

Generasjonsskifte og eksport

Då Gunnar Pedersen Sr. fekk slag i 1952, vart sonen Gunnar Christian henta heim frå utanlandsstudiar for å ta leiinga i firmaet. Gunnar Jr. utdanna seg vidare samtidig som han arbeidde med faren fram til han døydde i 1962. Gunnar Christian overtok så firmaet i årsskiftet 1962-63. Tiåret skulle vise seg å føre med seg auka eksport av produksjonen, og arbeidsmengdene var såpass store at bedrifta på denne tida hadde behov for å tilsetje fleire mønsterteiknarar. På 1960- og 70-talet var det mellom seks og sju tilsette som mønsterteiknarar som arbeidde under varemerket Gunnar P Design.

Frå 1962 begynte selskapet å verkeleg satse på eksport – først på den skandinaviske marknaden. Selskapet oppretta kontakt med damebladet Hennes Verden i Danmark, og Allers og Hjemmet i Sverige. Seinare selde dei òg mønster gjennom britiske Woman’s Realm og Woman’s Own, amerikanske Better Homes and Gardens, det franske postordrefirmaet 3 Suisses, og gjennom belgisk vekepresse. Dei arbeidde òg hardt for å få produkta sine representert i katalogane til The Needlewoman Shop, som hadde eit stort utsal i Regent Street i London frå 1928-85.

Selskapet hadde òg omreisande seljarar tilsette, og nokre av desse starta etter kvart eigne selskap utanlands som vidareformidla design og kunnskap frå Gunnar P Design. Slike selskap vart oppretta i København og Herning i Danmark, i Gøteborg i Sverige og i Tyskland. I USA vart selskapet Ports of Scandinavia oppretta, med hovudkvarter i Litchfield, Minnesota – eit stykke frå Minneapolis. Representantar for bedrifta reiste elles rundt i midtvesten og på vestkysten av USA, der dei selde mønster til både broderispesialistar og såkalla ”Scandinavian Shops”.

Broderipakkar vert klargjorte hos Gunnar Pedersen A/S, rundt 1973.

«Hvor bred skal falden være?»

I 1963 tok Pedersen initiativ til å starte eit kurs i prydsaum saman med Norsk Korrespondanseskole, med det for auget å auke folk sine kunnskapar om broderiteknikkar. Kurset vart produsert i seks delar, med Helen Engelstad som redaktør, og Gunnar Pedersen A/S som materialleverandør. Deltakarane på kurset sende då inn prøvelappar på stingtypar og teknikkar i posten til retting, som i andre korrespondansekurs.

Alt i alt leverte bedrifta mønster og materiale til dei fleste typar broderi, i tillegg til andre handarbeid som hekling, nupereller og strikking. I følgje Pedersen sjølv, begynte nedgangstida for alvor med strikkemoten på 1980-talet. Bedrifta freista å følgje svingingane i tida ved å både levere strikkemønster og bruke dei nye strikkegarna i nye typar broderi, men til sjuande og sist vart det ikkje lønsamt, delvis grunna raske utskiftingar av garntypar.

Leiar for designavdelinga hos Design Gunnar P, Laila Simonsen, ca. 1970.

Gunnar Christian vart seinare alvorleg sjuk, og firmaet vart til slutt nedlagt i 1986. Men interessa for handarbeid var der framleis, og allereie i 1989 starta Pedersen og kona Inge opp ei postordrebedrift i hennar namn. Her fortsette dei å selje mønster gjennom Hjemmet og Familien, og tok mellom anna fram att gamle mønster til pyntehandkle med mønster i blått, denne gongen med ein nostalgisk vri på salet. Inge og Gunnar heldt på med postordresal heilt fram til 1999, då firmaet vart avvikla etter fleire travle år.

 

_______________________________________________

Kjelder: Intervju med Gunnar Christian Pedersen (2011), tekst av Ellen Sjursen om Gunnar Pedersen (Sr.) og materiale frå bedrifta i samlingane til Norsk Trikotasjemuseum.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s